Une

Skiskytter Une Kvelvane

Hei
Eg er Une

26 år og
skiskytter

Toppidrettsutøvar frå Voss som satsar skiskyting og har mål om å prestere på høgt nivå slik at eg kan gå internasjonale renn denne sesongen.


Skiskyting har eg drive med sidan eg var 11 år og treningsgrunnlaget mitt er lagt ned i Vossabygda. No bur og trenar eg på Lillehammer, medan eg reiser på treningssamlingar i Oslo for å få oppfølging frå teamet mitt der. Elles er eg heimekjær, og tek ofte turen heim for å vera i lag med familien og trene på Voss, så ein del av treningsjobben blir fortsatt gjort i heimbygda mi.


Det å ha samarbeidspartnarar som støtter mi toppidrettssatsing er heilt avgjerande for å ha muligheten til å kunne satse. Skiskyting er ein krevande idrett økonomisk sett, blant anna med krav til bil for å komme seg til og fra trening, samling og konkurranse i all slags vêr.

I tillegg stilles det høge krav til skot og konkurransedyktig skiutstyr. Det er også store utgifter til team, som er viktig for meg å vera ein del av for å kunne få matching frå motiverte utøvarar og oppfølging frå dyktige trenarar.