Stor dag for UAS VOSS!
For litt sidan kunne eg annonsere at Cato Laegreid har vorte ein del av UAS VOSS, og idag kan eg på nytt dele store nyhende!! - Robin Mæland er med i familien:) Robin er eit kjent navn og ansikt for mange i dronebransjen, og har erfaring frå både bemanna og ubemanna luftfart, frå Airlift til Nordic Unmanned. Med heime adresse i Odda, vert Robin no ein del av videre vekst og satsing for UAS VOSS AS, og me er vanvittig stolte over å ha denne karen med oss!


I denne satsinga, vil me no opprette base i Odda, slik at me vert meir tilgjengelig i regionen, - og vil med det verte enda meir effektiv i forhold til å serva gamle, nye og kommande kundar framover. For beredskaps arbeidet er dette ei viktig satsing, mtp ras, skred og flaum problematikken i områda.

Me kjem tilbake med meir info rundt satsinga og "om oss" etter kvart, men ikkje nøl med å ta kontakt med oss om du lurer på noko!

UAS VOSS byr på tjenester som kartlegging, inspeksjoner, beredskap, media, offshore m.m.

Velkomen ombord Robin Mæland! Stas å ha deg med på reisa vidare!